Home - TilsynForUniversellUtforming/Indikatorar-for-WCAG-2.0 GitHub Wiki
Indikatorar for måling av universell utforming, vert brukte både ved tilsyn og statusmålingar. Indikatorane kan også brukast av verksemder som vil evaluere eigne løysingar eller anskaffe nye.
Om indikatorane
Vi har utarbeidd til saman 50 indikatorar for å måle samsvar eller brot med dei 35 suksesskriteria i WCAG 2.0, som er obligatoriske etter forskrifta. Ei løysing for å samanstille data og statistikk frå indikatorarane, blir publisert så snart den er ferdig.
Kvar indikator bygger på
Ei dokumentert tolking av WCAG 2.0 informasjon om kva som skal til for å oppfylle kvart enkelt suksesskriterium ei standardisert og detaljert testprosedyre fastsette malar for registrering av testdata førehandsdefinerte testresultat som blir automatisk genererte frå registrerte testdata Dette gir openheit og gjer metoden enkel å ta i bruk for myndigheitsorgan, leverandørar av nettløysingar og verksemder som skal kravspesifisere eller evaluere eiga IKT-løysing.
Indikatorane er utarbeidde i Excel-rekneark, med ei Excel-arbeidsbok per indikator. Dette formatet brukar vi så lenge indikatorane er under arbeid. På sikt skal indikatorane presenterast i eit meir tilgjengeleg format